Trygdeeksport – kva er det?
Det har vore mykje om trygdeeksport i media dei siste vekene. Kva er det for eit omgrep?
Innlegg ved Jan Erik Grindheim, leiar i Europarørsla, på trykk i Nationen 5. mai 2015
Sist haust spurde dåverande leiar i Nei til EU, Heming Olaussen, kva eg meinte om at arbeids- og sosialminister Robert Eriksson ville skjerpa regelverket «for økonomiske overføringer til folk og familier som ikke er bosatt i Norge», for å løysa dei problema «den enorme arbeidsinnvandringen vi ser til Norge» førar med seg.
Eg var mot ei skjerping då og eg er mot ei skjerping nå, sjølv om det dei siste vekene har vore mange døme i media på at norske trygder held langt lenger i andre land enn i Noreg. Eg skjønar berre ikkje problemet.
Skilnadene er òg store om ein tek med seg trygd frå ein kommune med høge kostnader til ein kommune med låge kostnader i Noreg, og so lenge me har EØS-avtala har Noreg forplikta seg til å sikre at dei grunnleggjande fridomane i EUs indre marknad, fri rørsle av personer, vare, tenester og kapital, òg skal gjelde i Noreg. Sjølv for menneskje med trygd.
Ingen hjemstavnsrett
EØS-avtala er tufta på same logikk som den norske velferdsstaten: fri rørsle for alle. I Noreg vart hjemstavnsretten – at trengjande vart sende attende til si heimkommune og den lokale fattigforsorga, oppheva i 1964 og erstatta av lov om sosial omsorg (sosialtenestelova frå 1991). Saman med folketrygdlova (1967) er ho grunnpilaren i den norske velferdsstaten.
Folketrygda er eit nasjonalt obligatorisk sosialt forsikringssystem for alle innbyggjarane i Noreg. Det gjev økonomisk tryggleik gjennom å sikra inntekt og kompensasjon for særlege utgifter ved arbeidsløyse, svangerskap og fødsel, aleineomsorg for barn, sjukdom og skade, uførheit, alderdom og død.
Men Folketrygda skal òg utjamne inntekt og levekår på tvers av generasjonar og mellom grupper av personar og gje hjelp til sjølvhjelp for at alle skal kunne ta vare på seg sjølve best mogleg. Slikt vart det ofte politisk konflikt av når nokon kjem til landet utanfrå.
Ingen grense i EØS
Då EØS-avtala vart satt ut i livet i 1994 vart den nasjonale hjemstavnsretten erstatta av EØS-avtalas trygdedel (Rfo 1408/71) for å fremje grunnprinsippa i EUs indre marknad om fri rørsle på tvers av landegrensa. Bakgrunnen var i fylje den offentlege utgreiinga Velferd og migrasjon – den norske modellens framtid (NOU 2011:7) at folketrygda, lik dei fleste andre sosiallovane i Noreg, vart «utformet i en tid der mennesker beveget seg langt mindre over landegrensene enn det som er tilfelle i dag» (s. 159-160).
Slik sosialtenestelova og folketrygdlova fekk forrang framfor den lokale hjemstavnsretten i Noreg på 1960-tallet, har EØS-avtalas trygdedel og tosidige trygdeavtalar Noreg har med andre land fått forrang framfor norsk sosiallovgjeving – om desse skulle vere i konflikt med kvarandre. Difor heiter det no at «det overveldende flertall av folketrygdens ytelser kan eksporteres innenfor EØS som følge av Rfo 1408/71» (NOU 2011:7, s. 160).
Ingen krise
Denne politikken reagerer mange i Noreg mot, og tek ofte konklusjonane frå NOU 2011:17 til inntekt for si skepsis til opne grensar og dei fire fridomane EU og EØS-avtala er tufta på. Men ingen tal syner at EØS-avtala og grunnprinsippa i EUs indre marknad om fri rørsle av menneskje, varer, teneste og kapital verkar negativt på velferdsstaten. Sjølv ikkje det at nokon tek med seg løn og trygd og nyttar ho i andre land. Tvert om har norsk økonomi og norske velferdsordningar aldri vore betre enn i dag.
Noreg har ei arbeidsløyse på 3-4 prosent og eit bruttonasjonalprodukt (BNP) per innbyggjar mest det dobbelte av snittet for EU. Sjølv når vi justerer for prisnivå og samanliknar Noreg med dei økonomisk velutvikla velferdsstatane Storbritannia og Tyskland, har vi eit BNP/innbyggjar på 191 mot Storbritannias 106 og Tyskland 124 dersom gjennomsnittet for EU er 100 (tall frå 2013). Noreg er i dag ein del av EUs indre marknad, det tyder at ikkje berre løner kan tas med over landegrensar men òg trygder. Slik har òg den norske velferdsstaten vorte modernisert.