Treng me eit føderalt Europa?

«Det er ikkje EU som har sikra freden i Europa etter 1945. Det er pokker ta meg USA», skriv Pål H. Bakka i meldinga av Simen Ekrens bok Europeere. Det er eit godt poeng vi ofte gløymer når vi diskuterer tilhøva mellom Europa og USA. 

Kommentar av Jan Erik Grindheim, leier av Europarørsla, på trykk i Dag og Tid 30. januar, 2015.

For amerikanarane var dei to verdskrigane, og andre konfliktar i Europa i fyrste halvdel av førre hundreåret, for borgarkrigar å rekne. Slik den amerikanske historikaren Stanley G. Payne har sagt det i boka Civil War in Europe, 1905-1949. Difor var det òg naturleg at dei ynskte endringar i korleis dei europeiska nasjonalstatane organiserte seg då dei baud europearane hjelp til atterreisinga etter den andre verdskrigen.

Hjelpa kom i form av militært nærvære, ein nordatlantisk forsvarsallianse og ikkje minst mykje pengar og investeringar gjennom Marshallhjelpa. Men ho kom ikkje utan motkrav. Om dei europeiske landa skulle få pengar frå amerikanarane, laut dei akseptere ein viss grad av overstatleg styring av nasjonale interesser og ein fri marknad mellom dei, med fri rørsle av personar, varer, teneste og kapital.

Slik vart mellom anna Organisasjonen for økonomisk sam arbeid i Europa (dagens OECD) og Den europeiske kol- og stålfellesskapen til i 1948 og 1951.

Kol- og stålfellesskapen var eit fredsprosjekt. Parolen var «aldri meir krig». Freden skulle sikrast gjennom gjensidig økonomisk avhengnad mellom i fyrste rekkje Frankrike og Tyskland, men då Italia og Beneluxlanda hengde seg på, vart ein ny politisk orden skipa i hjarta av Europa – ein kristelegdemokratisk allianse med røter i katolsk overnasjonalitet vi i dag kjenner under namnet Den europeiske unionen (EU). «Silkedressføderalistane» kallar Bakka EU-politikarane og byrå kratane deira, men ikkje alle vil vere samde i at EU er ein føderasjon.

I alle høve ikkje om definisjonen av ein føderasjon er at han er tufta på ein kosmo politisk individualisme, slik Bakka meiner.

Ein verkeleg føderasjon byggjer makta si nedanfrå og opp, ikkje ovanfrå og ned, slik EU ofte blir skulda for. Og sjølv om det i tradisjonen frå Thomas Aquinas ligg ein klår universalisme andsynes menneskeverdet i katolisismens sosialpolitiske filosofi, finn vi her òg eit anna viktig prinsipp for unionssamarbeidet: subsidiaritetsprinsippet.

Vi kallar det nærleiksprinsippet på norsk. Det tyder at politiske vedtak skal gjerast so nær som mogleg dei vedtaka gjeld, men likevel på eit so høgt nivå som naudsynt er. I katolisismen tyder dette ideelt sett i familien eller den lokale kyrkjelyden, medan dei fleste landa i EU tolkar det som at dette er ein måte å ta makta attende frå det overnasjonale til det nasjonale nivået i EU.

Difor vert EU handlingslamma når det verkeleg gjeld for dei einskilde medlemene å stå saman.

Det gjeld særleg i utanriks- og tryggleikspolitikken, til dømes no med krisa i Ukraina, eller slik vi såg det på Balkan i 1990-åra.

Om eg les Bakka rett, meiner han at dette gjer at EU aldri vil verte noko meir enn summen av interessene til alle medlemene. Det kan hende han har rett, for som Vladimir Putin òg sa på midten av 2000-talet: «Europas måte å tenkje på har tradisjonelt vore å pasifisere aggressorar og ekstremistar. » Dei nyttar prinsippet: først ord, når det er mogleg. I det ligg kanskje òg ein av grunnane til at me har hatt eit fredsælt Europa i sytti år?

Jan Erik Grindheim
Europarørsla

Initiativ