Plastavfall: avtale i EP om tynne bæreposer
«Dette er ein stor siger». Det sa saksordførar Margrete Auken på ein pressekonferanse etter at Europaparlamentet tirsdag formelt vedtok eit direktiv som skal avgrense bruken av tynne bæreposer av plast, og dermed redusere omfanget av plastikkavfall. Det er poser som er tynnare enn 50 mikronar som er omfatta av lovgjevinga. Auken sa EU dermed er heilt i front med moderne lovgjeving på dette området. I tillegg til å spare miljøet gjev det også store samfunnsøkonomiske gevinstar.
Denne teksten er hentet fra Stortingsbibliotekets EU/EØS-nytt.
Lovgjevinga pålegg EU-landa tiltak, men opnar for at dei kan velje mellom to alternativ:
- Innføre tiltak som reduserer forbruket av slike bæreposer til 90 poser per innbyggjar innan utgangen av 2019 og 40 poser per innbyggjar innan 2025.
- Forby gratis utdeling av slike tynne bæreposer over disk innan utgangen av 2018.
Auken sa ho tilrådde prising av poser og viste til at eit slikt tiltak var innført med godt resultat i Portugal. Auken sa seg lei for at ein ikkje hadde klart å inkludere såkalla oxo-nedbrytbare poser (som går over til mikroplast) i lovgjevinga, men Kommisjonen blir pålagt å leggje fram ei vurdering av effekten av slike poser.
Sjå pressemeldinga frå Europaparlamentet om denne saken.
Stortinget mottok framlegget til direktiv til orientering i 2013, og framlegget er også omtalt i EU/EØS-nytt 29. april 2014.