Misforstått om EØS
Tom Hetland kommenterer 5 des. min kronikk i VG der eg viste til korleis dagens EØS-tilknyting representerer eit dundrande demokratisk underskot for norske borgarar. Realiteten er at det norske EU-utanforskapet gir minimalt handlingsrom for å føre annan politikk enn den EU eines om.
Skrevet av Henrik Kvadsheim, Leiar i Europabevegelsen i Rogaland. Forkortet utgave av innlegget ble fyrst publisert i Stavanger Aftenblad, 12. desember
Hetland er oppteken av å få fram at det var motstandarane av EØS-avtalen som var mest framsynte med omsyn til korleis avtalen ville undergrave norsk sjølvråderett. Når Ja-sida bruker dette som argumentasjon for medlemsskap i dag, er det såleis hyklerisk, ifølgje Hetland. Hetland stiller seg også tvilande til om eit medlemskap faktisk ville føre til noko meir innverknad i EU for eit lite land som Norge.
No er eg sjølv sterkt i tvil om kor interessant det overhovudet er å røske opp i EU/EØS-kampens argument frå 90-talet for å forstå dagens utfordringar. Men Hetland unnlèt uansett å ta med to vesentlige faktorar som har hatt stor betyding for utviklinga av EØS-relasjonen vår med EU, etter at avtalen blei godkjent av Stortinget. Og dette er forhold som verken motstandarane eller tilhengjarane kunne ta høgde for den gongen.
For det første blei EØS-forhandlingane initiert av EFTA og godkjent av Stortinget på eit tidspunkt då EFTA folkemessig utgjorde 10 prosent i forhold til EU, og var EU sin viktigaste handelspartnar. I dag utgjer EFTA 1 prosent av EU. Kjøttvekta har definitivt svinga i norsk disfavør når det gjeld EØS som likeverdig avtalegrunnlag. Den gongen var det grunn til å tru at EFTA-sida hadde forhandlingsmakt, i dag er forhandlingsposisjonen grunnleggjande svekt.
For det andre var det ingen, verken på Ja- eller Nei-sida som såg for seg omfanget av EU-utvidinga og takta i integrasjonen av ulike politikkområde som EU skulle gjennomføre i åra etter 1994. Sentrale SV-folk som Erik Solheim og Kjellbjørg Lunde som var blant nei-generalane i -94, utrykte seg den gongen skråsikkert om at det fattige Aust-Europa aldri ville bli i stand til å bli teke opp i rikmannsklubben EU. Dei tok grundig feil. Utvidinga og tempoet i EU-integrasjonen har i seg sjølv bidrege til å marginalisere EFTA og EØS-avtalen si rolle.
I tillegg kjem alle dei øvrige avtalene som Norge har inngått med EU i tida etter EØS, som også har bidrege til å overføre norsk suverenitet til EU i takt med at EU har søkt stadig tettare saman på ulike poltikkområde. Det gjeld blant anna Schengen-avtalen og avtaler på det utanriks- og tryggingspolitiske området. EØS og seinare avtaler avspeglar først og fremst kor avhengige og tett knytt Norge er til utviklinga i EU. Å seie frå seg moglegheitene for politisk medverknad i 1994 var galt nok. Men utviklinga i EU etter 1994 har gjort denne situasjonen langt meir alvorleg for Norge.
Hetland sitt andre spørsmål om kva innverknad Norge ville fått som EU-medlem er meir interessant enn kven som hadde mest rett i 1994. Hetland meiner at kjøttvekta inneber at det truleg ikkje ville betydd så mykje frå eller til for Norge om vi var medlem.
Det vi kan vi slå fast med visse er at Norge med dagens utanforskap har så godt som ingen innverknad, samstundes som det omtrent berre er på områda landbruk og fangst av fisk at vi utøver noko som likner på ein sjølvstendig politikk. Og litt innverknad ville vore ei dramatisk forbetring samanlikna med dagens situasjon. Paradokset er at små land nettopp har langt større mogelegheit for innverknad i EU-systemet enn det kjøttvekta skulle tilseie. Det er i EØS-relasjonen at kjøttvekta gjer seg gjeldande på ein negativ måte.
Som medlem ville vi kunne delta i Det Europeiske Rådet der dei overordna strategiske vilkåra for EU vert trekte opp. Og der har kvart einskilt medlemsland den same stemmen uavhengig av størrelse, samstundes som deltakarlanda kan forhindre at EU gjennomfører ein politikk som strir mot deira vitale interesser. Den moglegheita manglar vi i praksis i dag.
Den såkalla «reservasjonsretten» i EØS-avtalen er i røynda ein illusjon. Han vert aldri brukt.
Vidare ville vi få vår eigen kommissær i EU sitt politikkutøvande organ Kommisjonen. Mykje tilseier at Norge kunne fått kommissæren for fiskeri- eller energipolitikk, og dermed gitt oss sterk innverknad over utforminga av den felles energi- eller fiskeripolitikken til EU. Vi ville vore representerte i EU-parlamentet og dermed kunne påverke EU sitt lovgivingsarbeid derfrå. Og vi ville på generell basis kunne delta og utøve innverknad i den politiske handsaminga av framlegg frå EU-kommisjonen.
Det var for eksempel lille Finland som leia forhandlingane som førte fram til EU sin felles forsvars- og utanrikspolitikk. Det var lille Luxembourg, rett nok med draghjelp frå andre små land, som (dessverre) klarte å bremse harmoniseringa av skatt på utbytte. Til stor irritasjon frå store land som Tyskland og Frankrike. Og det var lille Slovenia som fekk gjennomslag for systemet med differensiert arbeidsgivaravgift, og som såleis gjorde det mogeleg også for Norge å innføre systemet på ny i 2007.
Argumentet til Hetland om at vi ikkje ville fått innverknad på grunn av størrelsen, står seg såleis ikkje når ein ser på korleis politikken faktisk blir utforma og følgt opp i praksis innanfor EU-systemet. Det verkar som om Tom Hetland ikkje har satt seg heilt inn i korleis politikk blir til innafor EU-systemet.