Mayday, Mayday, Mayday!
Britane vil bryte med EU og bli ein global partnar. Kva er det for ein idé?
Innlegg ved Jan Erik Grindheim, på trykk i Nationen 24. jan. 2017
Sist tysdag kasta den britiske statsministeren Theresa May loss for ein «Hard Brexit» frå EU. Ho talte til sine eigne forhandlarar og deira motpartar i EU om eit globalt og sjølvstendig Storbritannia, i ein ny og venleg partnarskap med EU. Konklusjonen hennar var klår: «Inga avtale er betre enn ei dårleg avtale».
May starta med å seie at for seks månadar sidan stemde det britiske folk for ei endring andsynes EU. «Dei stemde for ei lysare framtid for landet deira. Dei stemde for å forlate Den europeiske unionen og omfamne verda.» Gjorde dei verkeleg det? For det fyrste gjekk berre litt over 70 prosent av veljarane – ikkje det britiske folket – til stemmeurnene for å seie nei til vidare medlemskap i EU. For det ande var dette ei folkerøysting, og i slike høve er det ikkje lett å velja mellom det ein trur ein har og det ein ikkje veit så mykje om.
Den viktigaste saka i valkampen var innvandring. Difor sa May òg sist tysdag at ho var viljug til å gje opp prinsippa for full deltaking i den indre marknaden i EU mot å få full kontroll over grensene att. Men Storbritannia har allereie hatt grensekontroll i dei 40 åra dei har vore medlem av EF/EU, sidan dei aldri har teke del i Schengen-samarbeidet. Det dei ikkje har hatt, er moglegheita til å nekta statsborgarar frå dei 30 landa i Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, EØS, å slå seg ned i landet.
Månaden før folkerøystinga sist år, spurde meiningsmålarane i Ipsos MORI britane om kva dei visste om EU og deira eige land. Svara var ikkje særleg oppløftande. Dei som røysta for brexit trudde at 20 prosent av innbyggjarane i Storbritannia kom frå andre EU-land, medan dei som meinte landet burde bli varande i EU trudde talet var 10 prosent. Det verkelege talet er 5 prosent.
Eit anna viktig argument i valkampen var at britiske handels- og investeringsrelasjonar er globale, og at Storbritannia difor ikkje er så avhengig av EU som mange vil ha det til. I meiningsmålinga kom det fram at britane i gjennomsnitt trur at 30 prosent av dei framande investeringane i landet kjem frå EU, medan det reelle talet er 48 prosent. Samstundes trudde dei at 19 prosent av investeringane kjem frå Kina, medan talet berre er 1 prosent.
Medan nesten halvparten av det me produserer av varer og teneste her i landet går til eksport, gjeld dette berre 30 prosent av verdiskapinga i Storbritannia. Dei har òg ein langt større del av marknaden for eksport og import utanfor EU enn det Noreg har, og det er denne delen av marknaden deira som aukar mest. Tal frå Royal Mail syner at medan EU-landa tok heile 54,8 prosent av britisk eksport i 1999, var talet i 2014 berre 44,6 prosent. Den viktigaste enkeltmarknaden for britisk eksport er USA, medan Tyskland er det landet dei importerer mest frå.
Økonomisk treng ikkje ein brexit å bli noko tragedie for britane, sjølv om deira næraste og viktigaste marknad for handel og investeringar framleis er EU. Men ein brexit handlar om mykje meir enn økonomi. Ikkje minst om den nyvalde presidenten i USA, Donald Trump, gjer alvor av alle ideane sine om å bryte med den internasjonale orden hans eige land skipa dei fyrste åra etter andre verdskrig. Om Trump til dømes endrar amerikansk tryggleik- og forsvarspolitikk, og dreg USA lenger vekk frå Europa gjennom eit lausare samarbeid i NATO, vil truleg EUs tryggleik- og forsvarssamarbeid bli viktigare for dei europeiske landa. Om då Storbritannia ikkje lenger er med, vil det bli Frankrike og Tyskland som vil ta på seg dette ansvaret. Då kan situasjonen for britane bli heilt annleis. Om Storbritannia etter brexit driv ut på ope hav, kan neste melding frå Theresa May fort bli mayday, mayday, mayday!
Jan Erik Grindheim
Leder i Europabevegelsen