Kva tyder ein brexit for Noreg?
Noreg har tradisjonelt vore langt meir vendt mot vest enn sør i utanriks- og sikkerheitspolitikken. Kva skjer om britane dreg seg ut or EU?
Dette innlegget var først på trykk i Nationen 10. mai 2016.
Dei europeiske integrasjonsprosessane etter andre verdskrig vekte lite merksemd hjå norske politikarar. I tradisjonen frå 1905, og dei kjende orda til utanriksminister Jørgen Løvland om å halde Noreg utanfor eventyra til dei «europæiske krigerstater», valde Noreg å føre vidare dei tette banda til Storbritannia og USA frå andre verdskrig.
Då planen om eit europeisk forsvarsfellesskap vart lansert i 1950, den såkalla Pleven-planen, vart norsk deltaking ikkje eingong vurdert. Fokus var på det formelle brotet med nøytralitetspolitikken til Løvland gjennom medlemskap i det nordatlantiske forsvarssamarbeidet NATO frå året før. «Ethvert samarbeid som kunne komme i konflikt med NATO-medlemskapet var frå norsk side uaktuelt», heiter det i ei offentleg utgreiing om Noregs forhold til Europa frå 2012.
Medan Storbritannia og Noreg var aktivt med i etableringa av Dei sameinte nasjonane i 1945 og NATO i 1949, vart båe landa ståande utanfor Det europeiske kol- og stålfellesskap (EKSF) i 1951 og Det europeiske fellesskap (EF) i 1957 mellom Frankrike og Tyskland, Italia og Be-Ne-Lux-landa. I staden gjekk dei saman med dei andre vesteuropeiske landa i Det europeiske frihandelsforbundet (EFTA) i 1960. EFTA bestod av Danmark, Norge, Portugal, Storbritannia, Sveits, Sverige og Austerrike, medan Finland vart med i 1961, Island 1970 og Liechtenstein i 1991. Men då Storbritannia søkte medlemskap i EF i 1962, fylgde Noreg og Danmark etter.
Problemet var berre at presidenten i Frankrike, Charles de Gaulle, la ned veto mot britisk medlemskap både i 1962 og 1967, og fyrst etter at han gjekk av i 1969 kunne Storbritannia, Irland og Danmark etter ein tredje søknad verte medlem av EF i 1973. Noreg søkte òg, men vart ståande utanfor etter at 53,5 prosent av veljarane røysta nei i ei rådgjevande folkerøysting 24 – 25 september 1972.
Medan Storbritannia i dei fyrste tiåra etter andre verdskrig var Noregs viktigaste allierte, med ein sentral plass i dei utanrikspolitiske strategiane og det utanrikspolitiske ordskiftet, vart referansane til Storbritannia sjeldnare på 1970-talet. «Og når de forekom, tegnet de et mindre entydig bilde av det norsk-britiske forholdet enn før», skriv seniorforskar ved Norsk utanrikspolitisk institutt, Kristin M. Haugevik, i Nytt Norsk Tidsskrift nr. 4/2015 (s. 347).
Ifylje Haugevik byrja relasjonane mellom Noreg og Storbritannia å endra seg allereie på 1960-talet. Framleis var dei norske sjølvbilda tufta på Noreg som atlantist og utanforland, men dei vart i mindre grad kopla til Storbritannia og meir til USA. Det same såg vi i 1994, då debatten om norsk medlemskap i Den europeiske union (EU) gjekk over landet. Heller ikkje då fekk Storbritannia særleg merksemd utover generelle argument om at landet høyrde til Noregs europeiske NATO-allierte.
Haugevik kalla artikkelen sin for «Lederstjernen som forsvant». Det er eit framifrå bilete. Særleg fordi ho relaterer det til korleis Noreg sidan 1999 har hatt ein eksplisitt strategi og handlingsplan andsynes Tyskland, men ikkje noko liknande for Storbritannia. Tvert om seier diplomatiske kjelder at relasjonen til Storbritannia har vorte prega av ein «vennlig forsømmelse» dei siste åra. Kva skjer mellom Noreg og Storbritannia om britane dreg seg ut or EU?
Det har vore mykje i media om korleis Storbritannia skal te seg andsynes EU om brexit vert ein realitet. Avtala om Det europeiske økonomiske området (EØS-avtala) har mellom anna vore nemnd som eit alternativ. Ei slik løysing har statsministeren i Storbritannia, David Cameron, blankt avvist. Han vil ikkje bøye seg for Brussel og betale pengar til EU utan å ha innverknad på korleis lovar og reglar vert til. «Vi vil ikkje ende opp som Noreg», har han sagt. For Noreg tyder ein eventuell brexit at me må utmeisla ein ny og meir aktiv utanriks- og sikkerheitspolitikk over Nordsjøen og jamvel over Atlanteren til USA. Om vi då ikkje vel å gå andre vegen, hjå Tyskland og dei andre EU-landa og søkjer fullverdig medlemskap i EU?