Kva skjer med Europa?
Finanskrise og folkevandringar utfordrar Europa, men ikkje naudsynt EU.
– Me er ikkje lenger det me trudde me var. Me er blitt meir sinna, reddare og meir lukka. Slik tala redaktør Harald Stanghelle om europearane (og oss sjølve, antar eg) i ein kommentar i Aftenposten 2. januar i år. Tema var sjølvsagt flyktningsituasjonen og korleis auka utryggleik hjå folk gjer at nasjonalstaten reiser seg att som politisk ideal og løysingsramme for eit framtidig Europa.
Innlegg ved Jan Erik Grindheim, på trykk i Nationen, 9. februar
Stanghelle er ikkje åleine om å seie dette. Det manglar ikkje på negative medieoppslag om EU for tida. Men at ein politisk kommentator i ei tradisjonelt EU-venleg avis skriv slik, syner kanskje at noko er i ferd med å skje med det politiske debattklimaet i Europa. Er det rett det desse dommedagsprofetane skriv om EU? Straffer veljarane verkeleg dei tradisjonelle – og nokon vil seie trauste – liberale, konservative og sosialdemokratiske partia, som har bore fram den europeiske fellesskapen? Har europearane verkeleg mista trua på dei politiske institusjonane i EU til fordel for dei nasjonalstatlege?
Nasjonalistiske parti på ytste høgre fløy har utan tvil styrkt seg dei siste åra. Ikkje minst i valet til Europaparlamentet i mai 2014. Men framleis har dei tradisjonelt EU-venlege partia 63 prosent av mandata i EUs eige parlament, og radikale og grøne parti 16 prosent. Dei høgreorienterte representantane utgjer mindre enn ein femdel av dei folkevalde i Europaparlamentet. Det er på nivå med støtta Framstegspartiet har i Noreg for tida, utan at me av den grunn seier at det norske politiske system er i fare.
Det er heller ikkje tvil om at ideen om «ein stadig tettare union mellom Europas folk» ikkje er særleg populær nett no – om han nokon gong har vore det. Men, som Eurostats haldningsundersøking bland 30.000 europearar synte i november 2015, er berre 23 prosent av dei spurde negative til EU, medan 38 prosent er nøytrale og 37 prosent positive. Dessutan seier 32 prosent at dei har tillit til dei politiske institusjonane i EU, medan berre 28 prosent seier det same om dei nasjonalstatlege parlamenta og 27 prosent om regjeringane i medlemsstatane.
Det er store variasjonar mellom landa i EU på desse spørsmåla. Men ingen systematiske skilnader mellom aust og vest, slik mange journalistar freistar å gjere eit stort poeng ut av. Når 53 prosent av dei spurde ser positivt på EU si framtid, kjem Irland på topp med 76 prosent, Romania 73 prosent og Polen 70 prosent. Faktisk ligg sju av dei 16 landa som scorar over gjennomsnittet på dette spørsmålet i aust. Eit mønster som gjentar seg i synet på immigrasjon som den største utfordringa EU står andsynes i dag. Ni land i vest scorar høgre enn gjennomsnittet på 58 prosent, og berre seks land i aust, kor det ofte seiast at motstanden mot flyktningane er størst.
Finanskrisen og dei meir enn ein million flyktningane som har kommen til Europa det siste året, utfordrar sjølvsagt det europeiske fellesskapet og legg sterkt press på EUs medlemsstatar, institusjonar og avtaler. Men sett frå innbyggjarane si side, verkar ikkje EU å vere i noko grunnleggjande krise.
Når utfordringane med immigrasjon og integrering har funne si løysing, og den økonomiske veksten og arbeidsplassane er på veg tilbake, kan det hende at EU kjem styrkja ut or den vanskelege situasjonen me no opplever, heller enn at nasjonalstaten meldar si tilbakekomst som politisk ideal og løysingsramme i europeisk politikk. Til sjuande og sist er det vel heller ikkje eit spørsmål om anten nasjonalstat eller EU, men både òg heile det europeiske samarbeidet handlar om.
Jan Erik Grindheim
Leder
Europabevegelsen