Ikkje fjern europaministeren

Det kostar å stå utanfor. Difor må vi behalde ein statsråd for EU- og EØS-saker.

Innlegget sto på trykk i Dag og Tid 13. oktober.

I samband med at Børge Brende har fått seg ny jobb, er det varsla endringar i regjeringa. Fleire aviser hevdar at Erna Solberg vil leggje ned ministerposten for EU- og EØS-saker. Det bør ho ikkje.

Heilt sidan Trygve Bratteli si Arbeiderpartiregjering i 1972 har alle norske regjeringar forsøkt å føre ein «aktiv europapolitikk». Resultatet etter 45 år har likevel vore passiv tilpassing framfor aktiv påverknad. Med eit Europa i endring er det på tide å snu trenden.

Den europeiske økonomien veks i takt med oppslutnaden om EU-samarbeidet. Tida med eit handlingslamma EU er over, og utfordringar som migrasjon, klima, brexit og tryggleik står i kø for å løysast. Macron og Merkel vil reformere eurosona, arbeidsmarknaden og skattesystemet. EU har vind i segla og Noreg risikerer å verte akterutsegla.

Det kostar å stå utanfor. Det føreset auka oppmerksemd om EØS-sakar heime og betre koordinering mellom fagfelt. Ein DIFI-rapport frå 2016 viste at ein egen minister for europapolitikken har styrkt koordineringa av EØS-arbeidet mellom departementa. Det har også lyfta påverknadsarbeidet opp mot EU til eit politisk nivå. Vi trengjer ein proaktiv og personleg engasjert Europaminister som til dømes deltek på uformelle ministermøte.

For å lukkast med å påverke viktige avgjerd må Noreg vere meir tydeleg, tyngre og tidlegare ute i europapolitiske spørsmål. Det er på høg tid å setje «aktiv» attende i europapolitikken. Det vert vanskeleg utan ein statsråd med dette som høgaste prioritet.

Camilla Walstad

Camilla Walstad er prosjektmedarbeider for Europabevegelsens EØS-prosjekt.

You may also like...