Europas demokratiske utfordringar

Det er 25 år sidan Berlin-murens fall og eit nytt demokratisk Europa vaks fram. Korleis står det til med demokratiet i Europa? Er draumane frå 1989 innfridde?

Natta til 10. november 1989 fall eit av dei mest absurde og hata symbola på politiske skiljeliner i Europa i det førre hundreåret. Etter massivt trykk frå vanlege menneskje, som hadde vore sperra inne i 28 år, starta rivinga av Berlin-muren. Ein ekte demokratisk revolusjon kor folket tok makta frå den politiske eliten.

I år er det 25 år sidan denne skjelsetjande hendinga i Europas demokratiske historie. Går me enda 25 år attende og til USA, er det òg femti år sidan president Lyndon B. Johnson fekk vedteke The Civil Rights Act, loven mot offentlege segregering av svarte og kvite, og borgarrettsforkjemparen Martin Luther King Jr. fekk Nobels fredspris. Ein siger for demokratisk fridom, likskap og brorskap.

Men 2014 er ikkje berre året for feiring av demokratiet – eg hadde mest gløymt Grunnlova vår no – det er òg eit år for markering av noko av det verste Europa har fostra. Ytterlegare 25 år attende kjem vi til starten på andre verdskrig og 25 år tidlegare, fyrste verdskrig. Etter hundre år med framvekst av konstitusjonelle demokrati over heile dette kontinentet, vart fyrste verdskrig starten på femti år med samanbrot og konflikt mellom dei europeiske nasjonalstatane.

Etter andre verdskrig kom ein motreaksjon. Med økonomisk støtte og politisk press frå amerikanske styresmaktar gjennom Marshall-planen for attreisinga av Europa, vart Organisasjonen for økonomisk samarbeid og utvikling (OECD) skipa i 1948. Året etter søkte fleire av dei europeiske landa saman i Europarådet og NATO. Sovjetunionen svara med å oppretta Comecon i 1949 og Warszawapakten i 1955. Det siste som reaksjon på at Vest-Tyskland vart med i NATO same året.

I 1952 skipa Benelux-landa, Frankrike, Tyskland og Italia Den europeiske kol- og stålfellesskapen og i 1957 Det europeiske fellesskap (EF). Sju av landa som ikkje vart med i EF gjekk saman i Det europeiske frihandelsforbundet EFTA i 1960. Men gjennom stendige utvidingar har EF, som i 1992 vart til Den europeiske union (EU), lik OECD, Europarådet og NATO, vakse kontinuerlig og utgjer no 28 medlemmar, medan EFTA, som på det meste hadde ti medlemmar, har vorte redusert til Island, Liechtenstein, Noreg og Sveits, kor dei tre fyrste til og med har ein gjennomgripande avtale om økonomisk samarbeid med EU, EØS-avtala.

Berlin-murens fall opna for eit alleuropeisk EU som kunne sikra overgangen frå diktatur til demokrati i dei tidlegare sovjetkontrollerte landa. Slik det hadde gjort då dei tidlegare fascistiske diktatura Hellas, Portugal og Spania vart medlem av EF i 1981 og 1986. I dag er fleirtalet av dei europeiske landa med i alle dei internasjonale organisasjonane nemnde ovanfor, men den viktigaste ser ut til å vere EU sidan dette er eit forpliktande samarbeid med strenge krav til rettsstatlege og  demokratiske institusjonar, og ein kapitalistisk økonomi.

Tal frå den halvårige spørjeundersøkinga Eurobarometeret syner at tilliten til dei europeiske institusjonane Europaparlamentet og Europakommisjonen er langt høgare enn tilsvarande nasjonale institusjonar i eit fleirtal av dei tidlegare diktaturstatane i EU. Men det er vanskelegare å finne eit mønster på om dei er noko meir nøgd i EU generelt og om dei har noko meir tiltru til EU enn innbyggjarane i dei landa som har vore demokratiske i mesteparten av det førre hundreåret. Det er heller ikkje slik at dei fleste innbyggjarane i EU støtter medlemskap fordi det er med på å sikra demokratiet, og i dei medlemsstatane som har kome med sist er det langt færre som seier dei føler seg som europeiske borgarar enn i dei landa som har vore med lenge.

Men det var kanskje ikkje det draumane handla om heller hjå dei som hakka laus på Berlin-muren for 25 år sidan. Dei ville kanskje berre kunne reise fritt for å studere, arbeide eller besøke andre land, og ikkje måtte halde seg innanfor dei grensene deira politiske leiarar sette? Det syner i alle høve tala frå Eurobarometeret, sjølv om fri rørsle på tvers av landegrensar òg er noko innbyggjarane i andre medlemsland setter høgt.

Om ein månad held Europarørsla i Noreg, som faktisk òg er 65 år i år, ein stor konferanse om demokratiets kår i Europa. Då vil vi diskutere to av dei mest alvorlege utfordringane dei europeiske landa og deira internasjonale samarbeidsorganisasjonar står overfor: vantande valdeltaking og auka skepsis mot mellom- og overstatlege løysingar på politiske spørsmål. Ved Europaparlamentsvalet i mai i år var valdeltakinga berre på 42 prosent, og dei mest suksessrike politiske partia var dei som er mest skeptiske til EU-samarbeidet.

I eit år kor vi minnast dei mørkaste kapitla i europeisk historie med demokratiets samanbrot og nasjonalismens uhyggjelege skugge som bakteppe, er det viktig at vi ikkje mister dei store spørsmåla or syne og gløymer at den fridom, likskap og brorskap vi i dag har i fredeleg samkvem mellom folkestyrde nasjonalstatar ikkje har kome av seg sjølve, men fordi nokon har trudd på demokratiet og vore viljuge til å kjempa for det gjennom internasjonalt forpliktande samarbeid.

Jan Erik Grindheim

Europabevegelsens leder. Twitter: @JanGrindheim

You may also like...