EU i årets lokalval
Rundt 70 prosent av sakene til møter i norske kommunestyrer og fylkesting har med EU å gjera. Kor lenge kan norske politikarar lukke augo for det demokratiske underskotet i Noregs avtalar med EU?
Skrevet av Jan Erik Grindheim, leiar i Europarørsla. Pa trykk i Nationen 6. februar, 2015.
I fylje den store offentlege utgreiinga med den talande tittelen Utanfor og innafor – Noregs avtalar med EU (NOU 2012: 2), har Noreg om lag 75 forpliktande avtalar med EU. Av desse er Avtalen om Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet (EØS-avtala) den mest omfattande. Noreg er meir integrert i EU enn til dømes Storbritannia og Irland, sidan dei ikkje er med i Schengen-samarbeidet, eller Danmark, med sine unnatak frå EUs indre marknad. Men norske politikarar sit ikkje saman med europeiske kollegaer i Brussel og gjer vedtak med verknad for Noreg. Difor er vi medlemmer av EU utan medråderett. Ein absurd situasjon i eit politisk demokrati.
Verknadane av Noregs tilknyting til EU er sterkast i kommunane og fylkeskommunane. Lovgjevarane i Brussel regulerer korleis offentlege innkjøp skal handsamast, kva slags offentlege støtteordningar norske kommunar og fylkeskommunar kan utvikla for næringslivet, korleis offentlege føretak kan organiserast, miljøkrav og krav til dei kommunale tekniske sektorane samt at reglane i EUs indre marknad legg føringar på korleis arbeidslivet kan organiserast i Noreg til dømes andsynes arbeidsrett, likestilling og diskriminering.
Me kan trygt seie at EU er ein sentral premissleverandør for norsk lokalpolitikk, sidan rundt 70 prosent av dei sakene norske kommunestyrer og fylkesting handsamar har med EU og EØS-avtala å gjera. No skal det seiast at dette talet sjølvsagt ikkje er lett å stadfesta, so i utgreiinga nemnd ovanfor opererer dei med ein stad mellom femti og hundre prosent og syner at det er noko liknande i Danmark og Sverige. I alle høve er det så mykje at det går ut over det norske lokaldemokratiet sidan norske politikarar ikkje kan vere med å vedta desse lovane og reguleringane. Men kven tør å ta opp dette spørsmålet i årets valkamp?
Ingen. I denne saka syner norske politikarar fullstendig mangel på leiarskap og ideologisk mot. Men det demokratiske underskotet forsvinn ikkje av den grunn. Det kjem til å vere der so lenge Noreg ikkje søkjer fullt medlemskap i EU. Alternativet er å si opp EØS-avtale og andre avtalar Noreg har med EU, til dømes Schengen-avtala om passfridom og politisamarbeid på tvers av dei europeiske statane, eller avtala vi har om å delta i EUs forskingssamarbeid og regionale utviklingsprogram. Men det er lite aktuelt. Difor bør fullt norsk medlemskap i EU stå på dagsorden i årets lokalval.
Læring på tvers av nasjonale grenser er mest aldri framme i debatten om Noregs avtalar med EU. Vi høyrer berre om problem og utfordringar. Men i høve lokaldemokratiet i seg sjølve, næringsutvikling og interregionalt samarbeid, reguleringar i arbeidsmarknaden og utviklinga av gode offentlege og private tenestar finst det masse å hente i eit tettare europeisk samarbeid. Noreg har i dag fem millionar innbyggjarar, EU har fem hundre millionar. Det er klårt at vi har mykje å lære frå dei, òg med omsyn til lokaldemokratiske utfordringar i eit år med lokalval kor ein omfattande kommunereform mest truleg kjem til å dominera debatten. Kva med å ta den debatten i eit europeisk perspektiv?