Tydeleg tale om EU

Det er ikkje høgverdig av ein nasjon å gje frå seg så mykje mynde utan å få røysterett og medverknad tilbake». Orda er ikkje mine. Dei kjem frå Svein Gjerdåker. Han slutta leiaren førre veke med denne konklusjonen då han omtala EØS-avtala. Men kva er alternativet?

Innlegg ved Jan Erik Grindheim, på trykk i Dag og Tid 27. jan. 2017

Då den tidlegare statsministeren i Storbritannia, David Cameron, i 2011 blei spurd om EØS-avtala var noko britane kunne gå inn på, svara han: «Utanfor EU vil me ende opp som Noreg, under påverknad av ein kvar regel for den indre marknaden som vert laga i Brussel, men ute av stand til å forme dei same reglane. » Gjennom EØS-avtala har me sett den parlamentariske styringskjeda ut or funksjon. Dette er ei rein forvaltningsavtale regjeringa handsamar, utan at vi veljarar får vere med på å bestemme kven som bestemmer over oss. Hadde ikkje denne avtala vore så viktig for norske arbeidsplassar – særleg i distrikta – hadde eg sjølvsagt gått mot ho.

Nasjonalisme

Det går ein vind av nasjonalisme over den vestlege verda kor politiske parti på ytre venstre og høgre fløy trekkjer til seg stadig fleire veljarar. Mykje skil dei, men hatet mot EU sameiner dei. I Noreg gjeld det Raudt, Sosialistisk Venstreparti, Senterpartiet og Framstegspartiet. Frp skal snart avgjere om dei fylgjer dei raudgrøne og går mot EØS-avtala. Dei fiskar i rørt vatn, desse partia. Dei spelar på frykt og trua på nasjonen som noko heilagt som vert øydelagt om me går inn i forpliktande internasjonalt samarbeid. Men Noreg er eit av dei landa i verda som alltid talar varmt for internasjonale organisasjonar, unntatt når det gjeld EU: Då går rullegardina ned.

Europas historie handlar om krig og konflikt mellom folkegrupper og nasjonar, ufattelege millionar av menneske som har vore slakta ned i den nasjonale sjølvråderettens og fiendeskaps namn. Som Barack Obama sa til tyskarane sist haust: No må de ikkje sløse bort 70 år med samarbeid for fred.

Forsvaret for EU er enkelt: Kor mange menneske vart slakta ned i Europa i den fyrste halvdelen av det tjuande hundreåret, og kor mange har vorte fengsla, torturerte og drepne i andre halvdelen, etter at landet deira kom med i EU? Ingen! EU står for fred, fridom og framgang – Noreg bør snarast finne sin plass blant dei andre europeiske landa som fullverdig medlem av EU. No handlar det ikkje lenger berre om fred, men om å ta vare på det liberale demokratiets politiske institusjonar og rettsstatlege prinsipp, mot draumane om nasjonal sjølvråderett og nasjonens heilagdom.
Jan Erik Grindheim
Leiar i Europarørsla

Jan Erik Grindheim

Europabevegelsens leder. Twitter: @JanGrindheim

Les også