Protest eller politisk usemje?

Etter folkerøystinga om Storbritannias framtidige lagnad i EU 23. juni i år, kor mest 52 prosent av veljarane røysta for å melde landet ut or Unionen, har stadig fleire sagt at no må me «mind the gap» mellom dei politiske leiarane i Europa og veljarane.

«Mind the gap» står det på alle undergrunnstasjonane i London, for at ikkje folk skal falle ned mellom perrongen og toget dei gjeng på eller av. Men er det verkeleg slik ein avgrunn mellom dei politiske elitane i Europa og veljarane deira, at brexit er eit teikn på ei grunnleggjande krise i tilliten til EU som politisk system? Eller er britanes nei til vidare medlemskap berre eit uttrykk for ein tradisjonell politisk usemje om kor dei vil at landet deira skal gå? Til dømes mot meir marknad eller meir stat, eller meir frihandel med opne grense kontra auka proteksjonisme?

Aldri lukkelege i EU
Heilt sidan britane vart med i Det europeiske fellesskap (EF) i 1973, har dei vore skeptisk til den stadig tettare integrasjonen mellom dei europeiske nasjonalstatane. Ja, dei har vel til tider vore beint fram ulukkelege i dette samarbeidet, om me skal tru dei halvårige spørjeundersøkingane frå EUs statistikkbyrå Eurostat. Eit knapt fleirtal for å dra seg ut or Unionen kom difor ikkje som noko sjokk på dei av oss som har fylgd britisk politikk dei siste tiåra, om enn me vart skuffa over britanes nei til vidare medlemskap.

Forstår ikkje britane EU?
Ei av lovnadene dei britiske EU-motstandarane med noverande utanriksminister Boris Johnson i spissen ga veljarane om dei røysta for ein brexit, var at Storbritannia skulle finne attende til ei leiande rolle i verdspolitikken. Den rolla kunne dei nok ha fylt langt betre i EU enn utanfor, men heller ikkje her har britane vore spesielt merksame når EU har vore på leit etter politisk leiarskap. Sjølv ein sterk statsminister og politisk leiarskikkelse av dimensjonar som Margaret Thatcher (1979-1990), såg ikkje at den europeiske fellesskapen truleg kunne ha fremma heller enn hemma hennar politikk både ute og heime. Det verkar ofte som britiske politikare ikkje forstår kva EU er.

Trua på den frie marknaden
Britisk eksport og import andsynes EU har gått ned dei siste tiåra, til fordel for resten av verda. Men framleis er EU-landa og USA britanes største handels- og investeringspartnarar. Difor er den mykje omtala handels- og investeringsavtala TTIP EU og USA no tingar om særs viktig for Storbritannia. Men EU treng òg Storbritannia, og deira tru på liberale politiske verdiar og ein fri marknad. Difor har særleg Tysklands forbundskanslar Angela Merkel, vore varsam med å skyve britane ut i kulda etter folkerøystinga 23. juni. Hennar von er nok at brexit ikkje tyder brexit, sjølv om hennar nye kollega i Storbritannia, Theresa May, har sagt nett det: «Brexit means Brexit».

Toppmøte utan Storbritannia
Sist veke møttest stats- og regjeringssjefane i alle EU-landa unntatt Storbritannia til toppmøte i Bratislava, hovudstaden i Slovakia, som for tida leiar Unionen gjennom det roterande presidentskapet. Det vart ikkje noko vakkert syn. Ikkje berre verka det merkeleg at ikkje britane var til stades – all den tid dei framleis er med i EU og etter planen skulle ha teke over presidentskapet i januar 2017. Men skilnadane mellom dei 27 statsleiarane gjekk så djupt at det tyske nyhendebyrået Welt N24 meinte at no var det på tide å kalle medlemslanda i EU til ein gruppesamtale med terapi for ein sundreven familie.

Meir, ikkje mindre, politikk
Brexit var ikkje ein protest mot eit stadig aukande gap mellom dei politiske elitane og veljarane i EU, men uttrykk for usemje om i kva retning det politiske prosjektet EU skal gå. Ikkje minst på viktige områder for folk flest: arbeidsplassar, innvandring og sosial tryggleik. EU har vorten vaksen og med det kjem eit ansvar og ein plikt hjå alle familiemedlemmane om å arbeide for ei felles framtid. Det tyder at EU ikkje skal gi etter for stadig sterkare motstand i fleire og fleire land, men verte meir politisk. Ikkje sjå motstand mot «ein stadig tettare union» som ein protest mot prosjektet, men som sunn politisk usemje i eit demokratisk politisk system. EU ser jammen meg ut til å ha vorte vaksen.

Innlegget var ført på trykk i Nationen.

Jan Erik Grindheim

Europabevegelsens leder. Twitter: @JanGrindheim

Les også