OECD-studie skal få fram nordnorske interesser i EU

Ein ny OECD-studie om tilhøva i mellom anna Nord-Noreg skal gi betre grunnlag for å bli høyrt i EUs komande arbeid med ny strukturfondperiode.

Denne teksten er hentet fra Stortingsbibliotekets EU/EØS-nytt.

Bak oppdraget står samarbeidsnettverket Northern Sparsely Populated Areas (NSPA) som samlar 14 regionar i Noreg (Finnmark, Troms og Nordland), Sverige og Finland. I studien, som vil vera ein såkalla «territorial review», skal OECD gi ein uavhengig diagnose av både styrkar og svakheiter for regionane, med konkrete anbefalingar til investeringar og strategiar for positiv utvikling i nord. NSPA ønskjer at oppdaterte fakta og nye analysar skal gi argument for at EU framleis vil satsa på dei nordlege regionane.

«Særlig ordningen med differensiert arbeidsgiveravgift er viktig for Nord-Norge å få beholde, og oppdaterte data og mulighetsbeskrivelser vil være et sentralt virkemiddel i arbeidet med å trygge våre interesser opp mot EU-institusjonene», skriv Nord-Noregs Europakontor om den komande studien. Det blir også vist til at det er viktig at det regionale nivået deltar aktivt i spørsmål om nordområda, sidan «EUs virkemiddelapparat og finansiering i stor grad er bygd opp rundt regionale aktører».

I forhandlingane før inneverande strukturfondperiode (2014-20) var meldinga frå Europakommisjonen at det ikkje nyttar å berre presentera regionproblema for EU, også handlingstiltak bør presenterast. Det er bakgrunnen for at NSPA no set i gang denne studien før forhandlingane for neste periode.

Planen er at studien kan leggast fram mot slutten av 2016, eventuelt i byrjinga av 2017. For OECDs del skal det vera første gong at organisasjonen gjer ein samla studie av 14 regionar fordelt på tre land, der også eitt av landa ikkje er EU-medlem.

I den nye rapporten «Growth from the North», utarbeida av ei ekspertgruppe utnemnd av tre nordiske statsministrar, blir det peika på at NSPA-nettverket bør styrkast for å sikra at regionale aktørar blir høyrt i EUs Arktis-politikk. Særleg nettverkets nyttige erfaringar frå å handtera utfordringar som lange avstandar og hardare klima blir trekt fram.