Mageplasket i EØS-dammen

Ei sak med stor symbolkraft i den norske EU-debatten blei det satt punktum for i Stortinget 9.juni. Stortinget vedtok ny postlov, og derved vart også Postdirektivet frå EU innarbeidd i dei norske lovene. Postdirektivet var sjølve Den Store Norske Reservasjonsaka. For første gong skulle Noreg reservere seg mot EU og ikkje ta inn i norsk lov det EU bestemte. For jamvel hardbarka EU-motstandarar får eit forklaringsproblem når på nær alt EU bestemmer, gjeld for Noreg også. Kvifor er vi då ute og ikkje inne der avgjerslene som gjeld oss, vert fatta?

Henrik Kvadsheim, EB Rogaland

Henrik Kvadsheim, EB Rogaland

Kommentar ved Henrik Kvadsheim, leder av Europabevegelsen i Rogaland. Innlegg på trykk i VG 26. juni. 2015

Reservasjonen mot postdirektivet skulle gje EU motstandarane eit svar mot dette argumentet: At vi ikkje tok inn postdirektivet, skulle vise at Noreg kan utnytte eit handlingsrom ved å stå utanfor. ”Vi er ikkje noko lydrike, vi reserverer oss mot det vi ikkje likar. Difor er det betre å stå utanfor i staden for å vere med å utforme politikken.”

Men vi kan slå fast: Den Store Norske Reservasjonssaka blei knappast eit stolt kapittel i historia om norsk demokrati. Symbolsaka til EU-motstandarane traff dei denne måneden i bakhovudet som ein boomerang.

Reservasjonssaka har alt ført til mytedanning. For politikk er også kamp om historia. Det er difor på sin plass å gå litt nærare inn på kva som i realiteten skjedde. Bakgrunnen for saka er at EØS-landa i teorien kan reservere seg mot direktiv som EU vedtar. Men denne retten har EØS-landa ikkje nytta, heller ikkje overfor Postdirektivet, fordi det ville kunne setje store deler av EØS-avtalen ut av funksjon.

Nei til EU-leiar Kathrine Kleveland har til liks med sentrale AP-politikarar og aviskommentatorar ved fleire høve hevda at den føre regjeringa stod opp mot EU og brukte reservasjonsretten for første gong, men at reservasjonen sidan blei trekt attende av dagens regjering. Dette har blitt teke som eit prov på at reservasjonsretten faktisk kan nyttast, utan fare for motreaksjonar frå EU. Men realiteten er at den raud-grøne regjeringa aldri reserverte seg mot Postdirektivet, og at moglegheita for å gjere bruk av reservasjonsretten, slik den er nedfelt i EØS-avtalen, framleis ikkje er anna enn rein politisk ønskjetenking.

Under Ap-landsmøtet i mai 2011 vart AP-leiinga tatt på senga då dei vart pålagde å leggje ned reservasjon mot Postdirektivet. Utanriksminister Jonas Gahr Støre følgde opp pålegget under det halvårlige EØS-Rådsmøtet i Brussel i juni same år. Der informerte han generelt om ulike ulemper for Norge av direktivet. Men dei som tek seg bryet med å lese referatet frå dette møtet, vil sjå at det ikkje står eit ord om å leggje ned reservasjon. Faktisk vert korkje Postdirektivet eller Støre sin tale overhovudet nemnt i referatet.

Reglane er slik at i ei reservasjonssak måtte Noreg først fått med seg øvrige EØS-land – Island og Liechtenstein – på ei slik reservering på vegne av EFTA-landa. Dernest ville dette utløyst forhandlingar mellom EU og EFTA-landa. Kvifor blei det ikkje lagt ned noko reservasjon frå norsk side, når Regjeringa var pålagt å gjere dette? Svaret kom fram frå ein av dei tilsette i EØS-sekretariatet fleire år etterpå: Noreg laga aldri ei formell sak, det vil seie eit såkalla «beslutningsunderlag» om innlemming av direktivet. I realiteten var det dermed aldri noko Noreg kunne reservere seg mot.

EØS-sekretariatet valte å sjå på saka som ei utsetjingssak, og EU-kommisjonen aksepterte dette. Dette kunne EØS-sekretariatet og EU-kommisjonen trygt gjere i lys av at den norske opposisjonen, som låg klart an til å vinne neste val, så klart hadde signalisert at dei ville implementere direktivet. Og Støre virka meir enn nøgd med denne løysinga. Då slapp han å måtte handtere ei sak som han og Regjeringa elles ville risikert eit audmjukande tap i overfor Brussel.

I den grad vi kan bruke ord som «stå opp mot EU», har den førre regjeringa såleis lite å vise til i denne saka. Det største regjeringspartiet var av sitt landsmøte pålagd å leggje ned reservasjon, og hadde her moglegheita til å teste ut kor politisk reell denne reservasjonsretten var. Den valde derimot å la saka gå som ei utsetjingssak framfor å fronte ho som ei reservasjonssak. I praksis tydde det å sende saka vidare til den neste regjeringa. Det var ikkje eit prov på «stå opp overfor EU», men heller ei pragmatisk tilpassing til det som for Noreg elles ville vore ein uhåndterbar situasjon, med fare for å setje EØS-avtalen i spel. Slik fører utanforskapet med logisk naudsyn til ein slags knefalls-politikk frå norsk side. Saka om postdirektivet illustrerer også avstanden mellom den norske politiske retorikken og den politiske realiteten. For realiteten er at Noreg og EØS-embetsverket faktisk ikkje vurderer reservasjon som aktuell politikk.

Reservasjonsaka viser nok ein gong at vår relasjon til EU er slik: Vi er medlemmer i EU-klubben, men vi vil ikkje vere med i styret. Det norske utanforskapet betyr norsk knefalls-politikk i staden for politisk medverknad. Den Store Norske Reservasjonssaka til EU-motstandarane enda opp med eit gedigent mageplask.

 

Henrik Kvadsheim
EB Rogaland

Les også