fbpx

London Calling: Brexit-debatten er eit varsku til Noreg òg

Lærdomen frå brexit: Du lyt gje frå deg nøkkelen når du flyttar ut. Jamvel om du er britisk.

Av Svein Erik Tuastad , styremedlem, Europabevegelsen i Rogaland. Kronikken var først på trykk i Stavanger Aftenblad, tirsdag 26. mars.

«Vi ville ta tilbake det som vi kjempa for å verne under krigen. Bli vår eigen nasjon att.»

Det hevda June Pacey, ei vanlig britisk middelklassekvinne i London, nyleg til NRK om kvifor ho og andre ville ut av EU. Dessutan var dei økonomiske grunnane dei viktigaste, sa ho.

Gjennomslaget til det økonomiske argumentet under brexit-avrøystinga fekk observatørar til å riste på hovudet. Ekspertvurderinga til Center for European Reform er at Storbritannia det siste året allereie har tapt 320 millionar pund i veka på brexit-avgjerda. Men på EU-motstandarane sin buss stod det at Storbritannia ville tene 350 millionar pund kvar veke ved utmelding, og at desse pengane kunne brukast til å ruste opp helsevesenet. I brexit-debatten før avrøystinga var ein slik påstand typisk, men likevel løgnaktig.

Lærdomen etter brexit-avrøystinga for nesten tre år sidan er elles at det fort tar meir enn tusen dagar å gjere opp ein nasjon sitt skilsmisse-bu. Det gjeld ikkje minst om du ser for deg at du framleis skal kunne komme og gå fritt i huset du vil bort frå.

Rapport frå London

Sist haust var eg i London ei veke saman med eit knippe statsvitarar og medlemmer av Europabevegelsen, som eg sjølv er med i, for å studere brexit nærare. Vi møtte ei rekkje nøytrale akademikarar og ekspertar. Deira på nær unisone bodskap var tankevekkjande: EU-avrøystinga baserte seg på informasjon som i stor grad var feilaktig. Som den særs vel-orienterte redaktøren og forfattaren Ian Dunt sa det slik: «Den offentlige samtalen under valkampanjen om brexit viste eit nytt urovekkjande trekk: Det fekk ingen konsekvensar for deg om du bløffa.»

Å vere mot innvandring, elitar og ekspertar var effektiv retorikk. Slik sett var brexit-kampanjen dyktig til å etablere forteljingar som slo igjennom.

Det var klåre overdrivingar og urimelege spådommar på begge sidene i debatten. Men Simon Usherwood, EU-forskar frå Universitetet i Surrey, peika på at brexit-kampanjen hadde som mål å vinne avrøystinga, same kva. Kva som skulle skje etterpå, var ikkje deira problem. Ifølgje Ian Dunt, som var den meste kritiske til brexit-kampanjen, låg ein vesensforskjell i at somme «brexiters» (EU-motstandarar) tillét seg å servere reine løgner.

Dersom mediesituasjonen er slik at feilaktig informasjon får gjennomslag, kan det løne seg å bløffe. Då vert demokratiske avgjersler basert på sviktande premiss. Brexit-debatten gav eit varsku som også vi i Noreg burde ta ad notam.

Tony Blair, som no driv ein ideell uavhengig organisasjon, konkluderte nøkternt og treffande til delegasjonen: «Folkerøystinga var ikkje basert på medborgarane sine informerte val.»

Eat the cake and have it too

Problemet til britane i dag er at jamvel om dei vil ut av EU, vil dei likevel ha alle føremonane dei hadde då dei var innanfor. Det er det ikkje mogleg å få til. At Storbritannia ikkje kan ha dei same føremonane utanføre EU som då dei var med, handlar ikkje om vrangvilje frå EU si side. Det handlar om at for å vere med i den felles marknaden, lyt du innfri produkt- og miljøkrava med meir – slik som Noreg gjer. Om du ikkje vil godta desse krava, og dei etablerte måtane å handheve reglane på, er det du sjølv som stiller deg på sidelinja, eller rettare: Som vil skape endelause køar for lastebilane med varer ved den engelske sør-grensa i Dover. Korleis skal ein dynamisk økonomi, der bildelar suser inn og ut gjennom fabrikkportane, handtere det? Vel, det var jo ikkje brexit-forkjemparane sitt problem.

Elva stig

Men det er det eit problem for Therese May. Kvar dag lager den britiske statsministaren nye cover-versjonar av «London Calling», den gamle Clash-klassikaren: «London is drowning / and I live by the river.»

June Pacey, middelklassekvinna frå London, hevda at kampen for brexit likna på det som stod på spel under den andre verdskrigen. Nasjonen måtte overleve.

Men som historikaren Nik. Brandal peika på under ei debatt-møte på Kåkå nyleg, har hovudmotsetninga i dei siste verdskrigane vore mellom demokrati og autoritarianisme.

Det som britane slost for under krigen, saman med motstandsfolk i på nær alle dei europeiske landa, var eit sett umisselege verdiar. I 2012 fekk EU fredsprisen for gjennom 60 år å ha bringa fred, forsoning og demokrati til Europa. Dersom den norske Nobel-komiteen hadde rett, har noko gått gale i måten som June Pacey forstår EU si rolle på. EU er ikkje ein motstandar av nasjonalstatane. Det er eit samarbeid som er oppretta av dei, for dei og som faktisk styrkar dei.

Ein sannare EU-debatt

Statsvitaren John McCormack konkluderer i eit av standardverka om EU med at EU er dårleg forstått. Han meiner det er eit hovudproblem for EU.

Ein ting er å vere for eller mot EU, eventuelt EØS. Men alle har interesse av sannferdig debatt. I demokratisk strid bør vi ikkje slåst med middel som går på tvers av demokratiet sine følgjesvenner – sanning, opplysning og fri meiningsbrytning.

Vi bør slåst med hjelp av dei.