Kva no, Europa?

Årets lysaste natt blei til den mørkaste dagen for oss som meiner EU trengst for å handtere utfordingane Europa står overfor.

Av: Henrik Kvadsheim, leiar i Europabevegelsen i Rogaland og universitetslektor ved UiS

Men eit mogleg scenario er at utgangen av Brexit kan bli til eit B-medlemsskap – som også omfattar Noreg.

At britane stemte for å forlate EU var ei sjokkmelding der og då, men sett eit i lengre perspektiv ikkje så overraskande. Storbritannia har i lang tid vore på klar kollisjonskurs med Brussel. Der ordskiftet i øvrige EU-land i stor grad har handla om korleis ein saman kunne bidra til å byggje Europa som eit felles politisk prosjekt, har ordskiftet i Storbritannia vore mest prega av «what’s in it for me?». Ei særs aggressiv presse med jevnlig nedrakking på alt som har kome av utspel frå Brussel, har vore ein del av dette.

At den britiske statsministeren Cameron til slutt måtte gå til steget å utløyse folkerøysting om landets framtid i EU, og at fleirtalet av britane greip høvet til å stemme seg ut, må såleis forståast i lys av lang tid med kritisk og dels nedlatande ordskifte om EU i Storbritannia.

Men opplevinga av å ha måtte gje frå seg kontroll over deler av politikken, kombinert med høg innvandring,  er sjølvsagt reelle forhold som har spela inn. Deler av England har merka eit tydelig sosialt og økonomiske press på offentlege tenester, infrastruktur og arbeidsforhold som følgje av den auka arbeidsinnvandringa frå Aust-Europa. Store økonomiske og sosiale skilje i England har bidrege til å forsterke presset på dei svakaste gruppene.  Håpet bør no vere at EU faktisk tek desse misnøyefaktorane innover seg med tanke på sin eigen politikk, for å hindre endå meir fragmentering av unionen. Det liberale og opne samfunnet som EU har lagt til rette for, har tent store deler av folket i Europa, men ikkje alle. Det er viktig at EU-prosjektet også lyttar til dei som ikkje har tent på utviklinga.

Kva så framover? Førebels er det meste usikkert. Britane stemte for å gå ut av dagens relasjon til EU, men det er høgst uklart kva dei stemte for. «Leave»-sida la aldri fram noko alternativ under sin kampanje, og framleis er det full sprik i kva «leave»-sida ønskjer i staden for. I lys av dei maktkampane som no utspelar seg i dei store britiske partia, vil det nok gå relativ lang tid før vi veit kva britane faktisk vil i forhold til EU. Imens rår usikkerheita. Og er det noko marknadane og næringslivet ikkje liker, så er det usikkerheit og mangel på forutsigbarheit. Den slags dreper investeringsviljen, som igjen fører til tap av arbeidsplasser. Derfor ser vi også fall i alle indikatorar som har med britisk økonomi å gjere. Var det noko Europa ikkje trong nett no som veksten så smått var begynt å tilta att, så var det eit økonomisk tilbakeslag. Også Norge, som har stor økonomisk samhandel med Storbritannia, vil merke tilbakeslaget.

Så lenge det er så mange usikkerheits faktorar, og britane verken veit kva dei vil, eller har makta å peike ut dei politiske leiarane som skal stake ut vegen vidare, må det bli mykje spekulasjonar om vidare hendingsgang. Storbritannia må uansett ha ein formell relasjon til EU, der tilgangen til den indre marknaden vil verte prioritert. Nærare 50 prosent av britisk eksport går til EU, der tenesteeksporten dominerer stort, og då særleg innan finansielle tenester.

Viss Storbritannia faktisk vel å gå ut av EU, skal det først forhandlast om utgangsvilkåra. Det vil ta minimum to år. Dernest skal det forhandlast om nye avtaler, som kan ta opp til 7-8 år. Ein vesentlig premiss frå EUs side er at dei som vil ha uhindra tilgang til den EU-marknaden, må innføre og forholde seg til dei lover, regler, krav  og standardar som gjeld i EU-marknaden, slik som Norge i dag gjer via EØS-avtalen. EU vil ikkje gje rom for «cherrypicking», ikkje minst for å unngå at andre blir lokka til å forlate unionen. Ein bilateral avtale vil ikkje kunne gje Storbritannia uhindra marknadstilgang med mindre dei underordnar seg alle krava og reglane for fri flyt av varer, tenester, kapital og arbeidskraft i EU-marknaden, slik Sveits i praksis har gjort. Det skjer ikkje. Og konsekvensane av å miste den uhindra tilgangen til EUs marknad vil næringslivet i Storbritannia merke. Fleire av dei store finansaktørane i London er allereie i gang med å flytte arbeidsplasser og kontora sine til Frankfurt, for å fortsatt sikre seg uhindra tilgang til finansmarknaden i EU.

Nett no seilar EØS-alternativet opp som eit stadig meir aktuelt alternativ for Storbritannia. Økonomitidskrifta The Economist og Financial Times tilrår faktisk dette. Men ved å velje dette alternativet har ikkje Storbritannia oppnådd noko som helst. Dei må i så tilfelle framleis tilpasse seg reglane som vert laga i Brussel, men no utan påverknad på desse.

Kva så med Norge? På den norske nei-sida var det nok mange som håpte at Brexit skulle bety ei opning for å kvitte seg med EØS-avtalen, der Storbritannia skulle danne modell for ein alternativ tilknytningsform. Så langt har det motsette skjedd. I usikre tider, når alt anna flyt, klamrar ein seg til dei sikre og stabile haldepunkta. Politiske leiarar og talspersonar i arbeidslivet har såleis uttrykt at det no er spesielt viktig å halde fast på EØS-avtalen.

Frå norsk side er det heller ikkje noko vilkårslaust ønskje å få Storbritannia inn i EØS som nytt EFTA-medlem. Norske interesser andsynes EU avviker sterkt frå britiske interesser, og med Storbritannia i EØS vil det også bli større konfliktgrunnlag mellom EØS-landa og EU. Storbritannia vil ikkje finne seg i stadig nye reglar frå Brussel utan å ha nokon påverknad på utforminga av desse.

Men viss både Storbritannia og EU ser seg best tent med ei EØS-løysing på kort sikt, så vil nok ikkje norske innvendingar bety så mykje. Ein moglegheit som då kan by seg er faktisk at Storbritannia bidreg til å utvikle nye kanalar for påverknad gjennom EØS-avtalen, slik at EØS-avtalen i praksis blir eit B-medlemsskap innan EU. Dette er ikkje utenkeleg dersom EU samstundes opnar for opp større fleksibilitet og ulik integreringstakt for medlemslanda i unionen.

At britisk utmelding av EU skulle føre til eit norsk B-medlemsskap i EU, er nok ein tanke som få på den norske nei-sida hadde sett for seg.