Kva no Europa?

Ein liten gut ligg med hovudet i vatnet på ei strand i Middelhavet. Drukna i draumen om eit betre liv.

Jan Erik Grindheim, leiar i Europarørsla, på trykk i Nationen 15.09.2015

Vi ser ikkje andletet på den vetle guten. Vi kjenner berre smerta over eit tapt liv. Ein lagnad han deler med tusenvis av menneskje verda rundt. Menneskje på flukt frå krig og konflikt, fattigdom og fundamentalisme. No bankar dei på døra til Europa. Korleis tek vi dei imot? Etter leiaren for Europakommisjonen Jean-Claude Juncker å døme, ikkje akkurat med opne armar.

Denne veka heldt Juncker den årlege talen over Den europeiske unionens tilstand hjå Europaparlamentet. Bodskapen hans var som henta frå eit vekkingsmøte: Tida er inne for ærlegdom, einskap og solidaritet! Europa står overfor store utfordringar. Skal dei løysast må det meir Europa til i Unionen og meir union i Unionen, slo Juncker fast.

Historisk rettferd
Nærare 500 000 menneskje har kome til Europa berre i år. Dei fleste på flukt frå borgarkrigen i Syria, terroren hjå Den islamske staten i Libya eller diktaturet i Eritrea. Meir enn 213 000 til Ungarn, 145 000 til Hellas og 115 000 til Italia. Få eller nokon av dei ynskjer å slå seg til i desse landa, dei fleste vil til Tyskland eller eit av dei andre landa i nord kor dei har høyrt at det finst arbeid.

Tala er enorme, for mange òg skremmande, men nett i ei slik stund kan ein ikkje la seg styre av frykt, sa Juncker, og meinte Europa no må stå saman og vise kva dette kontinentet står for av idear om menneskeverd og menneskerettar. Dette er òg eit spørsmål om historisk rettferd, gitt alle dei menneskja Europa og dei europeiske nasjonalstatane har sendt på flukt gjennom historia.

Folkevandring i vår tid
Det er vanskeleg ikkje å verta normativ i spørsmålet om korleis Europa skal møte flyktningane frå andre deler av verda, men at ansvaret for å busette dei må delast på dei europeiske landa, er klart. Dette må òg gjerast slik Juncker tek til orde for, gjennom ein sameint politikk frå EU si side. Vi kan ikkje møte dei store folkevandringane i vår tid utan eit sameint Europa.

Utfordringa med ein styrt politikk for busetting, er at i fylje grunnprinsippet i det europeiske samarbeidet skal det vere fri rørsle over landegrensa av personer, varer, teneste og kapital. Ein slik politikk kan soleis vere traktatstridig. Eg vil likevel meine at vi korkje skal endra dei fire fridomane, eller Schengen- og Dublin-avtalane som sikrar oss fri rørsle mellom medlemsstatane at asylsøknadar berre skal handsamast i eit land.

Positiv kraft
Forbundskanslar Angela Merkel har sagt at Tyskland kan ta imot 500 000 flyktningar i nær framtid. Tysk økonomi går godt, medan folketalet går ned. Tyskland treng innvandring. Tenk om fleire statsleiarar i Europa kunne tenkje slik? I 2012 ga Marius Doksheim og Kristin Clemet i tenketanken Civita ut ei bok kor dei tok til orde for at meir migrasjon kan gi velstand og velferd, innovasjon og eit betre fungerande arbeidsliv. Migrasjon er positivt, naturlig og humant, meinte dei to.

Vi skulder guten på stranda å opne auga og endre vårt syn på verda.

Jan Erik Grindheim

Europabevegelsens leder. Twitter: @JanGrindheim

Les også