fbpx

Fri rørsle er eit gode, Tajik!

«Vi kan ikkje overlate til ytste venstre å vere dei einaste som er kritiske til konsekvensane av fri flyt av arbeidskraft», seier Arbeidarpartiets nestleiar Hadia Tajik til Klassekampen 4. oktober.

Innlegg ved Jan Erik Grindheim, leiar i Europarørsla, publisert i Klassekampen 11. oktober 2017.

Ho meiner sjølv at ho står for «ei ganske restriktiv line i innvandringspolitikken» og no vil ho at partiet hennar skal ta tak i debatten og gjere ei tydeleg kursendring.

Jan Erik Grindheim, leiar i Europarørsla.

Jan Erik Grindheim, leiar i Europarørsla.

Eg vonar at ikkje Arbeidarpartiet no vil surfe på dei nasjonalkonservative bølgjene i Europa. Særleg fordi gullåra for det europeiske sosialdemokratiet på 1990-talet, som Tajik syner til, nettopp var prega av det motsette. Då var dei sosialdemokratiske partia i djerve nok til å tala positivt om dei fire fridomane i EUs indre marknad, fri rørsle av menneskje, varer, teneste og kapital. På slutten av dette tiåret hadde 13 av EUs 15 medlemsstatar sosialdemokratiske regjeringar.

Fri rørsle av arbeidskraft har vore eit gode for Europa. Ikkje berre for arbeidsgjevarane, som har nytt godt av ein friare konkurranse om arbeidarar frå fleire land, men òg for millionar av arbeidstakarar. Dei har kunne søkje seg til land med høgare lønsnivå og betre regulerte arbeidsmarknader enn i heimlandet, og sende pengar og kunnskap heim for å betre vilkåra i eige land.

Visst er det ei stor utfordring at aktive arbeidsfolk dreg frå land som treng dei sårt – såkalla «brain drain» – men det er òg mange land, og lokalsamfunn som har opplevd ein «brain gain» gjennom dei som har drege og reist heim att.

Visst er det òg ei stor utfordring å sikre gode arbeidstilhøve og sosiale standardar for den einskilde i ein større arbeidsmarknad, men det finst alltid løysingar. I sum er dei negative sidene for arbeidstakarane langt færre enn dei positive i EUs indre marknad. Dessutan må det vel vere ein viktig rett for ein arbeidstakar å kunne tilby eiga arbeidskraft kor ein måtte ynskje det?

EØS-borgarar som kjem til Noreg for å arbeide er ikkje innvandrarar, men arbeidarar i Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet – EØS. Dei har same rettar som norske arbeidarar og skal ikkje handsamast som B-borgarar i møte med norske arbeidstakarar. Me lever i ei tid kor me treng politikarar som våger å opne grensene mellom dei europeiske landa. Berre slik kan den ufattelege veksten i vår velferd gjennom 25 åra med EØS-avtalen si frie rørsle kunne fortsette og gje stadig fleire arbeidstakarar betre rettar og eit betre liv.

Jan Erik Grindheim

Europabevegelsens leder. Twitter: @JanGrindheim