Euro og opne grense

Migrasjon«I fjor kom det (…) 170 000 menneske til det nestenbankerotte Italia. Italia løyste floken ved berre å identifisere 65 000 av dei. Om lag 105 000 ikkje-identifiserte drog vidare frå Italia mot nord, i strid med reglane». Slik formulerte historikar og journalist Halvor Tjønn seg i Dag og Tid 8. mai 2015, om ei av dei mest tragiske menneskelege hendingane i Europa i vår tid. Målet var å syne Den europeiske unionens (EU) avmektighet i møte med slike krisar. Dømet var Schengen-avtala om passfridom og politisamarbeid i Europa.

Innlegg ved Jan Erik Grindheim, leiar i Europarørsla, på trykk i Dag og Tid 22. mai 2015

For det fyrste er ikkje Italia i nærleiken av å vere bankrott. Italienske finansinstitusjonar og styresmakter slit, og det er ikkje tvil om at krisa er djup og vedvarande, med høg arbeidsløyse og sosiale problem som resultat. Men italiensk økonomi er langt frå bankrott.

For det andre er dei økonomiske vanskane deira ikkje skulda av eurosamarbeidet, men av lovnadar om gull og grøne skogar frå nasjonale, regionale og lokale politikarar åt veljarane. Slik er det i alle dei kriseråka landa i sør. Ein kan ikkje berre låne og låne penge for å kjøpa seg røyster gjennom stendige utvidingar av velferdsstaten. Ein dag må dei betalast attende.

For det tredje er ikkje deira ytre ansvar for EUs grensekontroll ved Middelhavet mislukka fordi dei har økonomiske vanskar – som til sjuande og sist har si årsak i euroen, i fylje Tjønn, men fordi situasjonen er heilt håplaus. Det er slett ikkje alle som «ser at fellesvalutaen er mykje av årsaka til den pågåande økonomiske krisa», og at dette skulle kunne forklare kvifor 105 000 ikkje-identifiserte menneske dreg vidare frå Italia mot nord i Europa.

Innsatsen til den italienske kystvakta trur eg få politikarar, journalistar og forskarar med litt innsikt i desse problema vil klage på. Heller ikkje dei politiske tiltaka lokale myndigheiter på øya Lampedusa eller i kystbyane på fastlandet har satt i verk for å gje overlevande (og daude) eit anstendig møte med Europa. For ikkje å snakke om den medkjensla innbyggjarane på desse småstadane har synt menneske på flukt frå krig, undertrykking og naud.

Italienarane treng Europas hjelp og solidaritet i handsaminga av denne krisa. Ikkje at vi sår tvil om det europeiske samarbeidets grunnleggjande solidaritet og bærekraft. Eg skulle ynskje at norske journalister snart kunne frigjere seg frå det nasjonalstatlege åket og byrja sjå kor viktig det er med forpliktande samarbeid på tvers av landegrensa.

Korkje dagens eller framtidas utfordringar stoggar ved nasjonale grense. Det skulle dei menneskelege tragediane i Middelhavet være det beste dømet på. Kvifor då ikkje sjå kva løysingar vi kan finne på overstatleg nivå og globalt framfor å tru at alle svara finns nasjonalt. Nasjonalstaten er Europas kanskje beste oppfinning. Ikkje la han blir hemskoen for fridom, likskap og brorskap.

 

Jan Erik Grindheim
Europarørsla i Noreg

Les også