Et tilsvar om handel, EU, USA og Norge

«Den norske handelen med USA forholdsvis lav, drøyt en tidel av handelen med EU», seier Christian Anton Smedshaug, daglig leiar i Agri Analyse, til Nationen 1. februar.

Kommentar ved Jan Erik Grindheim, leier av Europarørsla, på trykk i Nationen 6. feb. 2017

Lav og lav, fru Blom: I 2015 eksporterte norske bedrifter for 37 milliardar kroner til USA, 32 av desse milliardane var fastlandseksport. Eksporten til USA har aldri vore høgre.

Diverre sank USA-eksporten i 2016: til 31 milliardar kroner totalt og nesten 26 milliardar kroner frå fastlands-Noreg. Men framleis er USA nummer fem på lista over Noregs største eksportmarknadar når me teller einskilde land. På plassen føre kjem Storbritannia, med 29 milliardar kroner. Medan fastlandseksporten til dei tre vinnarane, Sverige, Nederland og Tyskland, til saman er på litt over hundre milliardar kroner.

USA er ein særs viktig marknad for norsk sjømat. I 2015 var den amerikanske marknaden på 3,3 milliardar kroner, men meir interessant er det kanskje at dette er den marknaden som veks hurtigast for norsk sjømat. Berre i 2015 var veksten på heile 33 prosent. Her ligg eit fantastisk potensial, om ikkje USA slår inn på ei ny line for internasjonal handel.

Me importerer òg mykje frå USA, faktisk meir enn vi sel dit. I 2016 var USA nummer fire på lista over land me importerer frå. I tillegg er det mykje amerikanske investeringar i Noreg. I 2014 var det 591 føretak med amerikanske eigarar i Noreg. Desse ga arbeid til meir enn 55 000 personar og hadde ei omsetning på mest 355 milliardar kroner. Dei stod for 25 prosent av verdiskaping frå utanlandske selskap i Noreg (rett nok mykje fordi mange av desse selskapa er knyt til petroleumssektoren).

Smedshaug kjem med sine analysar i samband med at den nyvalde presidenten i USA, Donald Trump, ynskjer å trekkje seg frå internasjonale handels- og investeringsavtalar, til dømes den USA sist år gjekk inn i med Stillehavslanda – og mest truleg den EU og USA har tinga om sidan 2013: Den transatlantiske handels- og investeringsavtala TTIP. Det vil kunne ramme norske arbeidsplasser hardt, ikkje minst i distrikta kor mange av dei små og mellomstore norske eksportnæringane er lokalisert. Difor er eg heilt usamd med Smedshaug i at me ikkje er så sårbare med omsyn til handelen med USA om TTIP-avtala ikkje vart noko av. USA er ein betydeleg marknad for norsk eksport og norske arbeidsplassar, og har heilt sidan dei fyrste åra etter andre verdskrig vore garantisten for dei reglane som har sikra småstatar som Noreg gode rammevilkår for frihandel.

 

Jan Erik Grindheim

Jan Erik Grindheim

Europabevegelsens leder. Twitter: @JanGrindheim

Les også