EØS er ikkje utanrikspolitikk

EØS-saker er innarikspolitikk og bør difor ikkje liggje på Utanriksdepartementet sitt bord.

Innlegg ved Jan Erik Grindheim, leiar i Europarørsla, publisert i Dag og Tid 15. september 2017.

«Europapolitikken er blant dei viktigaste delane av utanrikspolitikken,» seier generalsekretær i Kristeleg Folkeparti Hilde Frafjord Johnsen i Dag og Tid 8.09.

Men ho tek heilt feil, og difor har det òg vore heilt rett av regjeringa til Erna Solberg å halde seg med ein eigen EU- og EØS-minister. Berre synd at denne viktige posten har vorte flytta frå Statsministerens kontor til Utanriksdepartementet, for alle dei rundt 75 avtalane Noreg har med EU, ikkje minst den viktigaste av dei, EØS-avtala, er sektorvise avtaler knytt til dei einskilde departementas verksemd. Dei har ikkje noko med utanrikspolitikk å gjere.

I EU finns det to institusjonar som gjer bindande politiske vedtak. Det er Europaparlamentet, som er satt saman av partigrupper lik dei nasjonale parlamenta i medlemsstatane, og Rådet for Den europeiske union, kor representantar frå dei einskilde regjeringane i medlemsstatane sitt. I mest alle saker tek dei to institusjonane avgjerdslar saman, men i Rådet sit ikkje faste representantar som i Parlamentet, men fagministrane frå medlemsstatane avhengig av kva sak dei skal vedta. Om det er utdanningssakar, kjem utdanningsministrane til Brussel, om det er finansielle saker er det finansministrane som representerer medlemsstatane og så bortetter. Slik òg for saker knytt til den sameinte utanriks- og forsvarspolitikken hjå EU.

Det er altså ikkje slik kritikarane av Solberg-regjeringas EU- og EØS-minister trur, at EU-samarbeidet er eit utanrikspolitisk samarbeid. Difor høyrer heller ikkje dei sakene som kjem frå EU til Noreg gjennom EØS-avtalen og andre avtalar me har med EU heime i Utanriksdepartementet. Etter 25 år skulle me tru at politikarar på toppen av hierarkiet her heime hadde skjønt dette, ikkje minst ein politikar som Jonas Gahr Støre. Han meiner opprettinga av denne stillinga var eit feilgrep, sjølv om ein Difi-rapport frå 2016 syner at norsk EØS-forvaltning har vorte meir profesjonell med dagens ordning: «De fleste sektorene har velfungerende systemer på plass for å håndtere EØS-saker på samme måte som andre saker. » Det er difor ingen grunn til at utanriksministeren tek over dette ansvaret, korkje fagleg eller politisk.

 

Jan Erik Grindheim

Europabevegelsens leder. Twitter: @JanGrindheim